Sølve Rydland tilsett i Avisa Nordhordland


Sølve Rydland (37) er tilsett som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland. Han kjem frå stillinga som redaksjonssjef og politisk kommentator i NRK Vestland, og vil tiltre i stillinga 15. august.

– Å få lov til å vera med på å utvikla Avisa Nordhordland vidare, ser eg på som ei utruleg spennande oppgåve. Eg har lese avisa sidan eg var liten, og har stor tru på at me kan laga ei avis som kan spela ei endå viktigare rolle i lokalsamfunnet. Saman med dei dyktige folka i redaksjonen ønskjer eg å laga ei avis som løftar fram endå fleire viktige historier frå regionen, men som òg greier å komma endå tettare på kvardagslivet til lesarane.

 

Sølve Rydland, som vaks opp i Knarvik, har jobba i NRK sidan 2005. Han har lang fartstid som politisk journalist, og har i tillegg jobba med sport og lengre digitale historier. Frå 2018 har han vore redaksjonssjef og politisk kommentator. Først i NRK Hordaland, seinare i NRK Vestland. Han er utdanna ved universitetet i Bergen og har ei bachelorgrad i samanliknande politikk. Han har også vore praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter.

 

– Eg brenn for den gode lokaljournalistikken, og ser verkeleg fram til å komma heim til Nordhordland for å vera med på å utvikla avisa. I tillegg til at me må bygga vidare på den solide jobben som allereie vert gjort, trur eg det er eit potensial i å styrka satsinga på lokalpolitikken, komma tettare på det interessante næringslivet, og ikkje minst synleggjera den imponerande innsatsen som vert gjort innanfor frivillig arbeid, kultur og idrett i regionen. Eg opplever det som inspirerande at Amedia signaliserer at dei ønskjer å styrka satsinga på avisa, og gler meg veldig til å få vera med på dette prosjektet.

 

Styreleiar i Avisa Nordhordland, Svein Atle Huus, seier han er svært glad for at Rydland har takka ja til jobben. 

 

– Med hans solide erfaring innan journalistikk og redaksjonell leiing, klare tankar om korleis han vil utvikle avisa vidare og hans store engasjement for Nordhordland som region, så har eg stor tru på at han vil lykkast med å løfte Avisa Nordhordland vidare og ytterlegare styrke avisa sin posisjon i regionen, seier Huus.

Foto: Sindre Vik Helgheim/NRK